Turen treng ikkje vera lang berre den er god.

Etablering av leir:
Me er 18 born og 3 vaksne. Framme ved basen vil me fordele arbeidsoppgåver oss vaksne i mellom og involvere borna etter behov og plan. Me samlast om dagens gjeremål. I dette ligg det organisering av ulikt utstyr til mat, pedagogisk aktivitet, sikring, varme og plassering av sekkar til kvart enkelt born.
Denne hovud basen er viktig å ha på plass både som samlingspunkt med varme og mat, men også som ein trygg base me er godt kjent i.
Ferdaråd:
I gjennom dagen vil me nytta ferdaråd som samlingsform. Det viktigaste er ferdarådet når me har oppteljing når me er ute av bussen og det same før me går frå leiren til bussen. Me samlast i ferdaråd når me får signal om det. Då stiller me oss i ein ring. Alle i ferdaråd har ei stemme. Og alle kan kalle inn til ferdaråd. Ferdarådet vil vere ein del av kommunikasjonen i gruppa, og ein viktig del for fellesskapet. Både når det gjeld organiseringa av dagen, ulike hendingar, tema, historier osv. Ferdarådet kan også vere Villmarksgruppas sitt svar på samling stund.
På tur:
Utforskinga av området vil også opne opp for andre raste-plassar enn den etablerte hovudbasen. Me vil på sikt kunne ha fleire basar og velje mellom, som turmål. Me nyttar ferdaråd som eit samlingsråd der me legg planar saman med borna. Etter kvart vil me gjere oss kjende i området og planlegge aktivitetar ut frå dette. Turane vil også ha sitt utspring frå hovudbasen. Då vil me pakke med oss det me treng og returnere til hovudbasen før frukt. Me vil freista bevege oss i terrenget og ikkje nytta same område over for lang tid, dette med tanke på slitasje.
Pedagogisk aktivitet:
Dette vil ta utgangspunkt i årsplan/ halvtårsplan og anna planlegging når gruppa er etablert på bakgrunn av omgjevnadane og moglegheitene naturen gjev oss.
Mat:
På etablerte bål-plassar gjer me opp varme og lagar mat som vert servert rundt halv tolv, dette gjer me to dagar i veka., i tillegg til nista borna har i sekken. Me vil ha fokus på sunt kosthold og ynskjer skape eit nysgjerrig forhold til mat. På nista skal me ha skikkeleg næringsrikt brød og pålegg. 2-3 dagar i veka vil me lage mat på bålet som eit supplement til nista kvar enkelt har med. Det er viktig med fokus på dette, då borna er særs aktive ute i naturen. Ein vert i stor grad stimulert til fysisk aktivitet og treng difor næringsrik og haldbar mat. Ellers ynskjer me ikkje legge for sterke føringar på kva nista skal innehalde.
Etter mat er det frileik/ped.aktivitet.
Retur av villmarksgruppe:
Alle legg frå seg sekkane på benken i barnehagen. Me ryddar på plass alt utstyret me har nytta oss av den dagen.
Borna er i barnehagen til dei vert henta.
Dags-rytmen:
Opphaldstid : 0700-1700
Frukost/leik i bhg 0730-0830
Avreise: 0900
Pedagogisk aktivitet/leik: 0930-1130
Mat: 1130
Pedagogisk aktivitet/leik: 1200-1400
Frukt: 1400
Retur: Tilbake i barnehagen 1500
Kleda er avgjerande for at born skal ha det bra når dei er ute. Me har erfart at born som skal vera ute i meir krevjande ver har det heilt strålande om dei har tilpassa klede. Sommarhalvåret er relativt uproblematisk, medan hausten og vinteren kan by på større utfordringar.
Haustkle- hausten er lunefull og kan gje variasjonar som enkelte dagar krev tilnærma vinterkle. Andre dagar joggesko og tynn genser. Pass på at borna har nødvendige ekstra kleder utifrå ver og vind liggande i barnehagen.
Vinterkle- lag 1 innerst mot kroppen- det viktigaste. Alltid ull innerst frå topp til tå. Stillongs og sokkar, ikkje strømpebukse! (då slepp ein byte alt) Bomull er ikkje godt nok. Ull transporterer fuktighet vekk frå kroppen og gjev eit godt isolerande lag- held barnet varmt. Lag nr 2.- eit skikkeleg varmt lag. Tjukk ull eller fleece fungerer bra. Lag 3- fora eller vattert dress el. Gode sko, lue og vottar. Det finnes mange gode dressar, nokre dårlege. Me held oss nøytrale i forhold til merker med mindre nokon spør. Bukse og jakke fungerer fint. Må vera god overlapping i hoftepartiet. Høg bukse slik at jakka går godt over. Vintersko bør vera med høgt skaft slik at ein får ein god overlapping med dressen. Dette for å unngå snø ned i skorne med påfølgande fukt og ubehag. Sko i nylonstoff eller skinn med gummisåle har me gode erfaringar med. Cherroxar er ikkje vintersko, men kan fungere bra i ein overgangsperiode på hausten. God varm lue som ligg tett på øyrene og vottar som ein kan dra over dressen. Ha det tett i halsen- høg hals på genser eller ein ekstra hals i fleece eller ull. Skjerf er ikkje ynskjeleg.
Sekk- god tursekk med polstra skulder reimer, hofte- og brystfeste, Ca 15l.
I sekken- Matpakke , kopp, 1 skift undertøy.
Sommar- sokkar t-skjorte/trøye, bukse.
Vinter- ullsokkar, ull-stillongs, ulltrøye, ekstra vottar. Leggast i plast.